Makro #04

To fluger i ein smekk

Nikon D50, Tamron 90mm Macro 1:1, stativ

 

Eg kunne i utgangspunktet tenkt meg at begge flugene hadde vore i fokus, men dette var vanskeleg å få til grunna dårleg lysforhold som førte til at eg måtte bruke ein større blendaropning enn ynskjeleg.


Makro #03

 Nikon D50, Tamron 90mm Macro 1:1, stativ 

 

 

 

 

 



Korleis - få betre skarpleik i biletet

Har du tatt bilete der skarpleiken ikkje er 100%? Ynskjer du å heve bilete ditt til eit nytt og betre nivå?
Då vil denne effekten vere noko for deg!

Før:


Etter:


Framgangsmåte:

Grunna eg har Photoshop på engelsk, vil enkelte omgrep i den følgjande framgangsmåten verte omtalt på dette språket.

  1. Det første du gjer er å lage ein kopi av det opphavlege laget. Dette gjer du ved å høgreklikke på laget, og deretter klikke på "duplicate layer".
  2. Deretter klikkar du på Filter --> Sharpen --> Unsharp mask, for å leggje til effekten som gir skarpleik. "Threshold" kan stå på 0, men du velgjer sjølv kva mengd du ynskjer av skarpleik i ditt bilete. Dette stiller du på "amount" og "radius". Vidare er eit tips å klikke av/på "preview", for å sjå korleis resultatet vil verte. På denne måten kan du lettare finne den mengda skarpleik som passar ditt bilete, utan at du treng å gå ut av menyen. Når du er ferdig med innstillingane klikkar du på "ok".
  3. Du kan no velje å behalde bilete slik det er, ved å trykkje på Layer --> Flatten Image for å slå saman dei to laga som du har. Sjølv liker eg å jobbe litt meir med bilete før eg gjer dette, då eg ikkje ynskjer å ha denne skarpleiken på heile bilete. Slik eg ser det, gjer det seg best om hovudmotivet (eventuelt delar av hovudmotivet) får tilført denne skarpleiken, mens til dømes bakgrunnen har eit meir uskarpt preg over seg. For å oppnå dette legg du difor til ein "layer mask":

     
     
  4. Klikk deretter på "brush tool" som du finn i menyen til venstre, og penselfargane kan vidare stå med svart/kvit som vist under:



    

    Det kan vere lurt å bruke ein pensel som ikkje har noko særleg hardleik, for at du skal få så mjuke overgangar som mogleg på bilete. Denne penselen bruker du vidare på dei områda der du ikkje ynskjer auka skarpleik, og når du er ferdig med dette kan du slå saman dei to laga ved å klikke Layer --> Flatten Image. Ynskjer du ein endå meir uskarp bakgrunn kan du vidare bruke "blur tool". Dette plar eg gjere på dei fleste bileta mine, då eg ikkje ynskjer at "støyen" i bileta skal dominere bakgrunnen. "Blur tool" hjelper difor til å gi bileta eit mjukare preg med finare overgangar.
     


Håper denne effekten vil vere til hjelp på dine bilete! 


Endå til at eg skulle ynskje eg var så oppegåande at eg hadde komme på denne effekten sjølv, er ikkje dette tilfelle. Du finn ein video på YouTube, der IceflowStudios viser framgangsmåten gjennom ein video, og det er elles verdt å sjekke ut fleire av denne personen sine redigeringsvideoar, då det er mange gode tips å finne.

Makro #02

 


- - -

 

 









Blomst





Makro #01







Blogg og foto av Inger Lise.
Nikon D50 + Tamron 90mm Macro 1:1 og Nikkor 18-55mm.

arkiv

  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategoriar

  • Blogg

  • lenker

  • blogg.no
  • Få din egen blogg!

  • designet er laga av:

  • caroline maria bloglovin


  • bloglovin
    hits